Kort presentasjon
Volve Vokal er eit vokalensemble som held til i Bergen. Dirigent er Gro Espedal.
Ensemblet har som mål å vere nyskapande på høgt kunstnarleg nivå. Repertoaret er variert, men med ny, norsk vokalmusikk som satsingsområde. Ein viktig visjon for ensemblet er å arbeide med å gjere samtidsmusikken meir tilgjengeleg, då særskild gjennom å nytte ulike kunstuttrykk i musikkformidlinga, og å gje tilskodarane heilskaplege konsertopplevingar.
|