INSPIRERANDE BRANSJETREFF!

Skrevet av Åslaug Løseth Magnusson, publisert 25.02.10 14:37
Bransjetreffet mellom musikk og scenekunst i går, viser at det er stor interesse for tettare samarbeid mellom kunstfelta.

 

Proscen arrangerte saman med BRAK bransjetreff på Landmark i går, 24.februar. Skodespelar og manusforfatter Vidar Magnussen vart intervjua av sin kollega på DNS Pål Rønning om temaet "frå låt til manus". Her kunne Vidar mellom anna fortelje at han i sitt arbeid med bearbeidinga av Kiplings "Jungelboken" tok utgangspunkt i låter til å sette stemning i kvar scene, før han byrja skrive ut scenene i replikkar. Altså musikken som inspirasjonskilde. Musikken som vart brukt er i hovudsak amerikanske og britiske pop/rock- låtar og spørsmålet kom opp om det kunne vore aktuelt å neste gong bruke lokale Bergens band i ei liknande samanheng.

Vidar Magnussen var veldig positiv til dette og inviterte til at band som hadde eit ønskje om å spele/ skrive låtar for teater, kunne henvende seg til han!!! Du finn hans kontaktinfo i hans brukarprofil på proscen.no. http://www.proscen.no/index.php/bruker/326

Proscen og Brak ønskjer å vera ein formidlingsinstans mellom teaterkompani og musikarar som vil arbeide på tvers av kunstfelt. Vi bed dykk difor om å ta kontakt med Proscen eller BRAK om de har noko de tenkjer på i denne samanhengen, så skal vi vidareformidle dette til det andre feltet, slik at vi finn nokon som passar til ditt prosjekt!!!

Ellers ser vi at desse bransjetreffa er grådig viktige. Her skjer det mykje!!! Oppfordrer alle BRAK og Proscen sine medlemmer til å få med seg desse bransjetreffa i framtida. Det er ein unik sjanse til å skape seg eit nettverk òg utanfor si eiga kunstform.

 

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere