Produksjonsleder søkes

Skrevet av Charlotte Prydz Ottesen, publisert 23.01.12 18:16
Har du lyst på eit lærerikt, ansvarsfullt verv hjå ein av Bergens største frivillige organisasjonar og viktigaste kulturarrangørar?

Studentteateret Immaturus søker produksjonsleiar til ein av vårens produksjonar. Produksjonsleiar har hovudansvaret for den administrative sida av produksjonen, og arbeidet inneberer økonomistyring, leiing av produksjonsapparat og planlegging. Du får god opplæring og oppfylgjing frå styret i Immaturus. Immaturus er ein ressursterk organisasjon, og som produksjonsleiar får du ei god erfaring og høve til å knytte gode nettverk – rett og slett ein uvurderleg sjanse til praksis innanfor den administrative delen av teaterfaget! Ta kontakt på produksjonsansvarlig.immaturus@gmail.com

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere