KUNSTNERSTIPEND

Skrevet av Linda Børnes, publisert 10.06.10 14:59
Fem kunstnarar får stipend på 25.000 kroner kvar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland. Proscen gratulerer!!

Stipend på 25.000 kvar til fem kunstnarar i Hordaland

Fem kunstnararar får stipend på 25.000 kroner kvar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland. Dei er Malin Lennström-Örtwall, Stefan Tørner, Siri Brekke, Gisle Martens Meyer og Lise Risom Olsen, alle frå Bergen.

Kvart år tildeler Hordaland fylkeskommune ut fem kunstnarstipend, kvart på 25.000 kroner. I år kom det inn totalt 95 søknader, frå 41 biletkunstnarar, 14 kunsthandverkarar, 23  musikarar/songarar, 10 scenekunstnarar/dansarar, tre forfattarar og fire regissørar. Stipendet kan nyttast som arbeids-, etterutdannings- eller som reisestipend.
 
Malin Lennström-Örtwall, og Stefan Tørner  får stipend i kategorien visuell kunst og biletkunst, Siri Brekke, kunsthandverk, Gisle Martens Meyer, musikk og Lise Risom Olsen, teater og scenekunst.

Malin Lennström-Örtwalls (34) søknad viser eit målretta kunstnarleg virke med politisk engasjement. Ho kombinerer sterke konsept med overtydande visuelt språk. Stipendet vil bli brukt som eit kombinert reise- og arbeidsstipend.

Stefan Tørner (37) viser i søknaden til stor aktivitet og stort engasjement i Bergens kunstliv. Tørner har gjennom ei rekke utsmykkingar og utstillingar overtydd komiteen om at økonomisk støtte vil bringe han vidare som kunstnar. Tørner vil bruke stipendet som arbeidsstipend og til innkjøp av materiell for prosjektbasert kunstproduksjon.

Siri Brekke (35) framstår som ein svært god og verdig kandidat. Ho har kunstnarisk utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen, keramikk hovudfag frå 2005. Hun har hatt fleire separatutstillingar, og deltatt på ei rekke kollektivutstillingar i inn- og utland.

Gisle Martens Meyer (35) har markert seg sterkt innan den elektroniske delen av Bergens musikkliv. Han jobbar breitt og er både lydkunstnar, komponist og musikar. Han er mellom anna mannen bak det elektroniske musikkprosjektet Ugress, driv plateselskapet Uncanny Records og har skrive musikk for tv, film og dataspel.

Lise Risom Olsen (31) er skodespelar og instruktør, og kunstnarleg ansvarleg for det tverrestetiske scenekustkompaniet NONcompany. Ho har fleire års erfaring som skodespelar og instruktør, og har hausta gode kritikkar for sine framsyningar. Stipendet vil ho nytte som arbeids- og reisestipend til Berlin.

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere