Å SPELE PÅ NYNORSK

EIT KURS I DIALEKTOMLEGGING med Eldbjørg Lognvik


Norsk Skuespillersenter i samarbeid med Teater Vestland inviterer til workshop i Førde!


Norsk Skuespillersenter i samarbeid med Teater Vestland inviterer til workshop i Førde!

Når: 5.-7 september 2022

Hvor: Teater Vestland, Førde

Søknadsfrist: 22. juni


Om kurset:

Har du kjent deg usikker på scena? At du ikkje er levande nok, ikkje får «tak» på teksten eller ikkje får ut potensialet ditt som skodespelar – at det rett og slett er noko som ikkje fell på plass?


Dette er typiske utfordringar som mange skodespelarar seier at dei møter når dei skal bruke eit scenespråk som er annleis enn det språket, dialekta eller språkstilen dei brukar til vanleg.


I kurset arbeider vi oss gjennom «metoden for dialektomlegging», ein arbeidsmetode som er særs nyttig i møte med eit nytt eller uvant scenespråk. Kurset rettar seg mot skodespelarar og fokuserer på nynorsk, men vil vere nyttig og aktuelt uansett kva scenespråk ein brukar, eller kva språk- og dialektbakgrunn ein har. Kurset er også relevant for andre som direkte eller indirekte jobbar med formidling av språk, for eksempel regissørar.


For mer informasjon og søknadsskjema, se våre Norsk skuespillersenters nettsider: https://skuespillersenter.no/kurs/a-spele-pa-nynorsk-2/