top of page

PreForm i Fjaler søker ny produsent !

Søknadsfrist 25. januar 2023.

Søknad sendes til: ingrid(at)kulturpro.com



Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler søker ny produsent !

Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler har vore i sterk utvikling siste åra med aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande Senter for forteljekunst og Nordisk Kunstnarsenter Dale. Saman eig desse PreForm AS. Våre oppgåver er å legge tilrette for kunstproduksjon som scenekunst, musikk, podcast og andre lydproduksjonar m.m. I tillegg skal vi drifte bygda sin nye scene, SAMVIRKET i nært samarbeid med Fjaler kommune og eksterne samarbeidspartar og arrangørar. PreForm AS vart etablert i 2014 og har tilsett kunstnarleg leiar og dagleg leiar i delstillingar.

Vi treng fleire som vil vere med å utvikle miljøet og aktiviteten som har vokst fram i Fjaler. PreForm AS lyser ut ei stilling som produsent / medarbeidar frå våren 2023 som kan vere med oss flytte inn i og drifte det nyrenoverte kunstproduksjon og scenehuset SAMVIRKET.

Vi ynskjer oss ein person som har administrativ og kunstfagleg erfaring frå ulike kunstnariske uttrykk og særleg med erfaring frå scenekunstfeltet.

· du bør har høgare utdanning eller solid relevant praksis.

· arbeide sjølvstendig og ha gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging

· kunst og kulturfagleg nettverk.

· moglegheit til å arbeide på ettermiddag og kveld ved behov.


Vi skal saman utvikle eit nytt kulturbygg og du skal vere med å:

· fylle Samvirket med produksjonar og arrangement

· arbeide med kunstproduksjonar i prosessen frå ide til møte med publikum.

· arbeide med planlegging og gjennomføring av publikumsvisningar i nært samarbeid med eksterne arrangørar.

· arbeid med marknadstiltak og oppdatering av desse.

· samarbeide med våre næraste samarbeidspartar i felles prosjekt og vere med å vidareutvikle desse.

· arbeide med kompetansehevande tiltak og nettverksarbeid.


Stillinga er ei prosjektstilling opp til 75% frå våren 2023 og eit år framover med moglegheit for forlenging og utviding til 100%.


Løn etter avtale


Kontaktinfo:

Ingrid Hansen (Dagleg leiar)

tlf. 47908100

epost: ingrid(at)kulturpro.com

Dalvegen 99, 6963 Dale.



Foto: David Zadig, Lazer på fjell av Kyrre Heldal Karlsen, Teaterfestivalen i Fjaler 2020

ความคิดเห็น


bottom of page