top of page

REGIONALT BRANSJETREFF I FØRDE

7. og 8. september

Arrangeres av Teater Vestland i samarbeid med Proscen, Bergen Dansesenter og Vestland krets av Norsk skuespillerforbund.

BLI MED PROSCEN PÅ TUR!

Praktisk:

- Reise tur/retur vil arrangeres fra Bergen! - 1 hotellovernatting i Førde - Muligheter for å bli igjen på Teaterfestivalen i Fjaler hvis man vil.


(Mer info kommer når vi vet hvor mange som vil bli med. Denne turen vil bli kraftig subsidiert for våre medlemmer.)

NB! Om du ønsker å bli lengre for å delta på Teaterfestivalen i Fjaler må overnatting der og festivalpass / teaterbilletter dekkes selv.






REGIONALT BRANSJETREFF I VESTLAND

I 2020 vart Sogn og Fjordane og Hordaland det nye fylket Vestland. Regionreforma slår saman to fylke som har mykje tilfelles men det nye fylket har og større avstandar. Gjennom regiontreff og faglege samlingar ønsker Teater vestland saman med feltet å undersøke kva samanslåinga kan skape av moglegheiter for scenekunstnarane i det nye fylket. Som regionteater ynskjer Teater Vestland og å knyte band til kunstnarane i eige fylke, og å sjå kva for synergiar som oppstår når vi aktivt møtast. Det tek tid å skape ein felles identitet. Vi vil begynne med å skape møteplassar og moglegheiter for å bli kjende på ulike måtar.  

Regionalt bransjetreff går over to dagar og byrjar i Førde den 7. september. Den 8. september vil vi reise ut til Teaterfestivalen i Fjaler og dag 2 er på festivalen.   

Kven kan melde seg på?   

Alle som arbeider med teater og dans, utøvande og skapande. Regissørar, koreografar, skodespelarar, dansarar, scenografar, kostymedesignarar, lysdesignarar, dramatikarar, produsentar og andre. Det gjeld og komponistar, musikarar og forfattarar som komponerer og skriv for scene. 


FORELØPIG PROGRAM:

ONSDAG 7. SEPTEMBER


12.30 : Velkommen og informasjon

Teater Vestland og teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt ønsker velkommen.   


12.45 -  13.15: Lunsj


13.15 - 14.30: Kven er vi i bransjen i Vestland fylke? 

Bransjetreff skal vere ein arena for å bli kjend, få fagleg påfyll og inspirasjon, både for å styrke bransjen regionalt, men òg for å gi inspirasjon og nye referansepunkt.


14.30 - 15.30: Moglegheiter i Vestland fylke

Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv . Vestland fylkeskommune har starta arbeidet med Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv. Dette skal bli den langsiktige planen for utviklinga av kulturfeltet i Vestland fylke og kjem til å gjelde frå 2023 til 2035. I september skal planen ut på høyring og fylkesdirektør Per Morten Ekerhovd kjem for å snakke om den nye regionale planen som vil forme kulturlivet i Vestland Fylke dei neste 12 åra.   


15.30 - 15.45: Teater Vestland presentasjon og framtidsplanar


15.45: Frukt og kaffe


16.00 - 17.30: Mulighetsworkshop. 


Pause

Middag og fest

TORSDAG 8. SEPTEMBER

09.00- 11.00: Korleis starte eige kompani og leve av det?

11.00 - 12.00: Reise til Fjaler


12.30 - 14.00: Testløpet


14.00: Lunsj og Samtale med Torkil Sandsund om moglegheiter for frilansarar i det nye Samvirket.


15.00 - 16.00: «Teaterets moglegheiter og utfordringar»

Torsdagspanel med Kulturtanken. Torsdagspanelet er ein samtale som vil kretse kring to store spørsmål: Kva treng scenekunstfeltet for barn og unge i dag? Korleis vil vi som bransje jobbe med det?


16.00 - 16.30: Middag

Moglegheit til å reise heim eller bli verande!



Comments


bottom of page