HARDANGER SIN KUNSTNARBUSTAD I BERLIN

Søknadsfrist: torsdag 10. november






OM ORDNINGA

Kunstnarhusværet Hardanger-Berlin vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag leigekontrakta. I 2019 omorganiserte ein ansvaret slik at Eidfjord kommune overtok leigekontrakta og ansvar for vedlikehald. Hardangerrådet utfører ein del av administreringa medan Hardanger Kunstlag har ansvar for økonomien. Frå og med 2022 består det økonomiske spleiselaget av Hardangerkommunane.

http://www.hardangerkunstlag.no/hardanger---berlin.html

SØKNAD OM OPPHALD

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i,- eller med tilknyting til Hardanger samt distriktskommunane i Vestland Fylke - innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år. Det kan søkast om opphald for to veker og inntil 3 månader. - Det kan søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphaldet er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande. FYLGJANDE VEKTLEGGJAST I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.

  • Plan for opphaldet.

  • Vis eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Hardangerrådet tek imot og registrerar søknadane. Tildelinga vert gjort av ei gruppe som består av representantar frå Hardanger Kulturråd, Harding Puls, Hardanger Kunstlag og Vestland fylke. Vurderinga skjer i samråd med relevant kunstfagleg kompetanse. Les meir om søknadskriteria på søknadsskjemaet som du finn HER.


RETNINGSLINJER

  • Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.

  • Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.

  • Kunstnarane som får tildelt opphald må betale 100 kr per person per døgn for tildelt periode. Opphaldet vert fakturert i etterkant. Den som har fått tildelt opphaldet pliktar å gi opplysning til kunstlaget ved Siri Kvalfoss sikvalfo@online.no om ein har hatt overnattande gjester, kor mange og over kor mange døgn.

  • Dei som får tildelt opphald i husværet må presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke i ei regional samling i etterkant av opphaldet.

Kriterier for opphald

Brukarane av husværet forpliktar seg til å setja seg inn i og å fylgja husreglane. Husreglane finn du HER. Husværet ligg i tredje høgd i eit gamalt og sjamerande bygg. Det er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det var ved innflytting. Eventuell skade på inventar må erstattast. Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag. Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd. FØLGJANDE SKAL VEKTLEGGJAST I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid fram til tidspunktet for søknad og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.

  • Plan for opphaldet.

  • Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Søknadane vert vurderte av administrasjonen og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglige miljø. Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.