top of page

Kunstnarstipend, VLFK

Søknadsfrist 1. juni



Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til utvikling, fordjupning eller fagleg påfyll. Søk innan 1. juni.


Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:

  • visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)

  • musikk

  • scenekunst (inkl. dans)

  • litteratur og film

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l.

Søknadsfrist 1. juni 2022

Opmerkingen


bottom of page