Lesegruppe: HARMONIEN
Velkommen til lesegruppa HARMONIEN!
Tema er arbeid+kjærleik.
I lesegruppa sin fyrste del no i haust, skal me lese, tenke og snakke om arbeidet sine byrder og gleder - kva er meiningsfyllt arbeid og korleis vurderer me det? Kva gjer tidsmangel, keisemd og byråkratiet med oss? Og kva er ikkje-arbeid, den gode fritida?
Me les filosofi, teori og essaystikk på førehand og saman over to treff:
- Hartmut Rosa. "Resonansbegrepet, dynamisk stabilisering og tilgjengelighetstilnærmingen til det gode liv».
- Virginia Woolf: A room of ones own.
- I tillegg kjem korte utdrag og smakebitar ein ikkje treng å lese på førehand.
Gruppa er open for scenekunstnarar, litteratar, musikarar, kunstnarar og andre som har interesse i det å tenke saman.
Kl. 17.30-19.00
27. Oktober. Cornerteateret, Tivoli (Hartmut Rosa)
7. Desember. Tekstallmenningen (Virginia Woolf)
HARMONIEN er initiert og fasilitert av Proscen v/Berit Einemo Frøysland i samarbeid med Anne Arnesen Mørch i Tekstallianse.
Send e-post berit@proscen.no for å melde deg på og få tekstar.





Comments