Sceneskifter vol.3

- Samstundes Fredag 4. november

20.00 - 22.00

Skifte (Tidligere Logen bar)




Sceneskifter er lesningar av tekstar under arbeid. Hausten 2022 oppmoda DVT og Proscen kven som helst til å senda oss nynorske scenetekstar. Me fekk inn 14 tekstar frå 10 personar. Nokre lange, andre korte, nokre ferdige, andre påbyrja. Nokre hadde skrive scenetekstar før, andre gjorde dette for fyrste gong. Denne kvelden tek me for oss kun ein tekst, Samstundes av Ingrid Jørgensen Dragland. Saman med ei lita gruppe skodespelarar, ein musikar og ein instruktør har me jobba med teksten for å forme ei iscenesett lesning. Me har hatt tre prøvar på på denne teksten før me denne kvelden syner lesninga for publikum. Samstundes er ein tekst om livet sjølve og dei som lev i det. Tre samansette forteljingar om at ein av og til må ta val som får store konsekvensar for omgjevnadene og at livet av og til tar eigne uventa svingar og då er det berre å henge med. Korleis taklar ei ung jente på å bli gravid Kva får ei kvinne til å fly Korleis er det å være nær ein som ikkje vil leve lenger Tekst: Ingrid Jørgensen Dragland På scena: Svein Harry Schöttker-Hauge, Katrine Lunde Mackenzie, Anne Regine Ellingsæter og Kristoffer Sagmo Aalberg Musikk: Elin Furubotn Instruksjon: Kristina Kjeldsberg Denne visninga er eit samarbeid mellom Dramatikkens hus, Proscen og Det Vestnorske Teateret