top of page

Berit Einemo Frøysland blir ny daglig leder i Proscen

PRESSEMELDING

Berit Einemo Frøysland blir ny dagleg leiar i Proscen


Proscen – produsentenhet for scenekunst, er stolte av å kunngjere at Berit Einemo Frøysland blir ny dagleg leiar. Frøysland (1992) kjem frå Lærdal i Sogn, bur i Bergen og er dansar, koreograf og skribent. Ho er utdanna ved Balettakademien i Stockholm, Westerdals (tekst og skribent) og SpinOff Forstudium i dans. I frå 2016-2021 hadde ho base i Berlin og skapa og produserte fleire eigne verk både der og i Noreg, mange av dei saman med tvillingsystera Anna Einemo Frøysland – som duo var dei med i Nasjonalballetten sin satsing for unge koreografar og fekk kurs i leiarskap. Den siste kritikarroste produksjonen hennar Blaff, vart nominert til Årets forestilling i BT og blant kritikarfavorittane i 2025. Ho har jobba som utøvar for Jeff Pedersen Produksjonar, Frikar X, Marina Abramovic, Deborah Hay, Siciliano Contemporary Ballet, Marit Loe Bjørnstad med fleire. Berit mottok Statens Arbeidsstipend for nyetablerte kunstnarar i perioden 2022-2024. Ho har òg eit verke som kritikar og skriv om dans og teater for Norsk Shakespearetidsskrift og Klassekampen, og ho har sitte i fleire styrer og arbeidsutval.


Frøysland startar i stillinga 1. april, og vil lede Proscen inn i dei neste 4 åra, som opnar for spennande moglegheiter for nye visjonar og prosjekt. Frøysland etterfølger Lars Ove Toft, som går av etter fullført åremål.


Kontakt og informasjon: Styreleder Proscen – produsentenhet for scenekunst Sølvi Katrine Andersen E-post: solvi.k.andersen@gmail.com Mobil: +47 916 05 405


Påtroppande daglig leiar Proscen – produsentenhet for scenekunst Berit Einemo Frøysland E-post: beritfroysland@gmail.com Mobil: +47 980 63 667


Foto: Jannica Luoto





 
 
 

Comments


VÅRE STØTTESPILLERE:

FØLG OSS:

Kulturrådet

Vestland fylkeskommune

Bergen Kommune

  • Instagram
  • Facebook

+47 922 85 861
lars@proscen.no

KONTAKT OSS:

Proscen - produsentenhet for scenekunst

org.nr. 993173487

Kong Christian Fredriks Plass 4
5006 Bergen

bottom of page