Berit Einemo Frøysland overtar Proscen 1. mai 2026
- 9 hours ago
- 1 min read
Berit Einemo Frøysland overtar som ny dagleg leiar i Proscen. Ho vil lede Proscen inn i dei neste 4 åra, som opnar for spennande moglegheiter for nye visjonar og prosjekt. Frøysland etterfølger Lars Ove Toft, som går av etter fullført åremål.
Frøysland (1992) kjem frå Lærdal i Sogn, bur i Bergen og er dansar, koreograf og skribent. Ho er utdanna ved Balettakademien i Stockholm, Westerdals (tekst og skribent) og SpinOff Forstudium i dans. I frå 2016-2021 hadde ho base i Berlin og skapa og produserte fleire eigne verk både der og i Noreg.
Den siste kritikarroste produksjonen hennar Blaff, vart nominert til Årets forestilling i BT og blant kritikarfavorittane i 2025. Berit mottok Statens Arbeidsstipend for nyetablerte kunstnarar i perioden 2022-2024. Ho har òg eit verke som kritikar og skriv om dans og teater for Norsk Shakespearetidsskrift og Klassekampen,.
Kontakt og informasjon: Dagleg leiar Proscen – produsentenhet for scenekunst
Berit Einemo Frøysland
E-post: berit@proscen.no
Mobil: +47 980 63 667

Foto: Jannica Luoto




Comments