Gratis prøvelokale og ledig stilling i Fjaler!
- Lars Ove
- May 21
- 2 min read
Updated: May 22
Ledig stilling i PreForm
Vil du bli dagleg leiar for eit av dei mest spennande kunst - og kulturproduksjonsmiljøa i Norge?
Stillinga er lyst ut som 50% fast stilling men kan kombinerast med opp til 50% prosjektstilling.
Er du ein person som trivast med å ha kreative prosessar rundt deg og gler deg over at å sjå at kunstnarlege produksjonar veks fram og utviklar seg?
Då er du kanskje ein den vi ser etter!
PreForm har i mange år vert ein sentral utviklingsaktør på kunst og kulturfeltet i Fjaler. I 2023 flytta vi inn i Samvirket som er eit kulturhus som kombinerer lokale kulturhusfunksjonar med profesjonell kunstproduksjon.
Dette markerte eit viktig steg i utviklinga vår. Men vi vil vidare! I åra som kjem skal vi vidareutvikle Fjaler som ein nasjonalt relevant aktør på kunst - og kulturfeltet i tett samarbeid med dei andre organisasjonane i kommunen.
Vi fem som jobbar her har lang erfaring i å legge tilrette for kunstproduksjon. Vi er alle pådrivarar for å utvikle samarbeid på tvers av kunstdisiplinar og organisasjonane rundt oss.
Lenke til Finn: https://www.finn.no/job/management/ad.html?finnkode=406534603
Stillinga er fast og kan kombinerast med opp til 50% prosjektstilling.

GRATIS produksjons- og arbeidsopphald i Fjaler!
Med støtte frå Sparebankstiftinga i Fjaler og Vestland Fylkeskommune kan PreForm no tilby kunstnarar i residens hos oss gratis bruk av scene og lydstudio på Samvirket. Lokala er svært godt tilrettelagt for teater, dans, musikk- og lydproduksjonar. I tillegg til hovudscenen og studio har vi fasilitetar som kjøken, bad og opphaldsrom.
Vi ønskjer velkomen prosjekt i ulike produksjonsfasar, men for å komme hit på arbeidsopphald så kan ikkje arbeidet være avslutta. Utover residens-ordning kan andre òg nytte lokala, etter avtalt leige.
I miljøet rundt PreForm finst det ulike ressursar som kan bidra inn i produksjonen etter avtale – anten det gjeld produsentarbeid, dramaturgi, lyd-design eller annan kunstnarisk rådgiving. Husets teknikar tek seg av innsjekk og utsjekk, men kan òg bidra til prosjektet etter nærare avtale.
Vi set stor pris på om de vil avslutte opphaldet med ein arbeidsvisning eller intern presentasjon, og vi hjelper gjerne med å organisere dette!
Praktisk informasjon:
For musikk- og lydproduksjonar har vi løpende inntak, for scenekunst har vi søknadsfrist to ganger i året.
Søknadene blir vurdert av ei tverrfagleg arbeidsgruppe og innvilga prosjekt vil få tilbakemelding innan 4 veker.
Vi tilbyr gratis produksjonslokale i sal eller studio og eit behovsprøvd bidrag til overnatting.
Vi kan også ta stilling til ein intensjonsavtale om prosjektperiode og finansiering ikkje er avklara.
Søknadsfristar for scenekunst:
01.06.2025
01.10.2025
01.04.2026
01.10.2026
01.04.2027
Les meir om arbeidet vårt her:

Commentaires