top of page

KLIMASALONG - grønt skifte for kulturfeltet

Onsdag 16. november Kl. 13.00 - 15.30

Det Vestnorske Teateret (SKIFTE -tidligere Logen bar)

Syv Mil inviterer i samarbeid med Det Vestnorske Teateret og Proscen,

kulturaktørane i Bergen til Klimasalong.


PROGRAM

13:00 - Dørene opnar - lett servering

13:30 - Velkomen og presentasjon av SHIFTIT v/Syv mil

14:00 - Klimasalong v/Jacob Teglgaard, Bæredyktig scenekunst NU

15:30 - Opning for mingling og vidare diskusjonar i baren


Arrangementet er gratis.


Påmelding innen 14. november froydis@detvestnorsketeateret.no

Hugs å seie frå om eventuelle matallergiar.


Arbeidet for ein meir berekraftig kulturbransje er i gang. Det finst allereie mange gode initiativ og verktøy, men korleis startar ein? Kva tiltak og endringsprosessar sikrar ein faktisk reduksjon av teaterbransjen sitt klimaavtrykk og kva kan store og små aktørar gjere reint konkret?

Ein KLIMASALONG er eit arrangement for kunst- og kulturbransjen, der vi på ein annleis og meir involverande måte går i direkte dialog med bransjen sine aktørar om ei berekraftig omstilling i feltet. Fokuset ligg på å skape eit konkret og anvendbart klimainitiativ i din organisasjon, institusjon eller kunstneriske kvardag. KLIMASALONGEN er både ei erfarings- og meiningsutveksling, eit diskusjonsforum og ein workshop, og vert leia av Jacob Teglgaard, medstiftar av Bæredygtig Scenekunst NU i Danmark.






bottom of page