LEDIGE KONTORPLASSER

Det er for tida ledige plassar i Proscens kontorfellesskap i 3. etasje på Cornerteateret. Treng du kontorplass, ta kontakt: berit@proscen.no
Kontorfellesskap
Proscen kontorfellesskap er eit tilbod til produsentar,
scenekunstnarar og aktørar innanfor tilstøytande verksemder. I fellesskapet får du først og fremst fokus og konsentrasjon rundt arbeidet. Er det behov for mentoring, kompetanseheving og jobbutvikling, så løyser me det. Her har du masse ekstra energi å hente av å jobbe saman med hyggelege folk i felles bransje.
Du sit tett på der det skjer. Som leigetakar deltek du i eit levande scenekunstnarisk miljø på Cornerteateret. Inkludert følgjer gratis wifi og printar, straum inkludert i leiga, og eit gratis møterom for samtalar og møte. Det er kort veg til prøvesal og scene, og er møterommet for lite, bookar du berre Tivoli, Cornerteaterets foajérom. Er behovet for virtuelle løysingar der, finn me ut av det saman.
Pris
Leigepris (2026) er kr. 750,- pr. mnd for fleksibel kontorplass, og 1.500,- pr. mnd. for eigen kontorpult til 100% disposisjon. Oppseiingstida er 1 månad, med start dag 1 i månaden etter at oppseiinga fann stad.
Ved interesse, send ein e-post til berit@proscen.no Lurer du på noko, ta kontakt med Berit Einemo Frøysland på tlf 98063667. Me snakkast!




Comments