top of page

Sceneskifter vol.1

Onsdag 27. april

20.00 - 22.00

Det Vestnorske Teateret




Hausten 2022 oppmoda DVT og Proscen kven som helst til å senda oss nynorske scenetekstar. Me fekk inn 14 tekstar frå 10 personar. Nokre lange, andre korte, nokre ferdige, andre påbyrja. Nokre hadde skrive scenetekstar før, andre gjorde dette for fyrste gong.


Saman med ei lita gruppe skodespelarar har me jobba med tekstane for å forme ei iscenesett lesning av desse. Dei fire tekstane me syner no i fyrste omgang er framleis under arbeid. Me har hatt eit par prøvar på kvar tekst og jobba kollektivt for å finne inngangar som kan reise teksten i scenesamanheng. Etter visninga vert det prat på scenekanten for dei som ynskjer å vera med.Kurset er gratis, bindande påmelding. Lunsj vil bli servert.


"Vitnet" av Tone Nilsen Bie er ein finurleg tekst om minner og tvil.

"Politisk kvarter" av Erlend Rødal Vikhagen pirkar i den politiske materien.

"Besøk" av Ingrid Einemo Zwart peikar på familiære relasjonar som det er lett å kjenne seg att i.

"London i meg" av Håkon Dalsbø handlar om tapte sjansar og makta ein gjev til dei aller næraste.


På scenen: Jonas Skjelde, Amalie Mikkelsen Vere, Eli Aurlund Sæle, Harald Ottesen Nødtvedt og Ronnie Mega Herdlevær.

bottom of page