Sceneskifter vol.2

Fredag 13. mai

20.00 - 22.00

Det Vestnorske Teateret






"Sceneskifter" er lesningar av fire tekstar under arbeid. På scenen kl. 20 denne kvelden møter du : Johanne Magnus, Amalie Mikkelsen Vere, Karin Stautland og Kristine Brusdal.


Varigheit: ca 2 timar m. pause

Sceneskifter er lesningar av fem tekstar under arbeid. Hausten 2022 oppmoda DVT og Proscen kven som helst til å senda oss nynorske scenetekstar. Me fekk inn 14 tekstar frå 10 personar. Nokre lange, andre korte, nokre ferdige, andre påbyrja. Nokre hadde skrive scenetekstar før, andre gjorde dette for fyrste gong.

Saman med ei lita gruppe skodespelarar har me jobba med tekstane for å forme ei iscenesett lesning av desse. Dei fire tekstane me syner no i fyrste omgang er framleis under arbeid. Me har hatt eit par prøvar på kvar tekst og jobba kollektivt for å finne inngangar som kan reise teksten i scenesamanheng. Etter visninga vert det prat på scenekanten for dei som ynskjer å vera med.

31 grader og lett bris av Johanne Magnus handlar om ei som skal ut å reise. Om ho torer å gå om-bord i flyet, då.


Epleslangar Vårin Yngling av Andrea Kvalvaag handlar om ei ung kvinne som balanserar leikent på ein knivsegg mellom synd og lyst kring Bergens beste hagar. I eit håp om å verta fri.


Raudt lys av Regine Folkman Rossnes er eit samansett og vondt oppgjer med ein ven. Er det nokon gong riktig å gje opp eit vennskap?

Kjeks og singelliv spør korleis ein skal treffa draumefyren og kjærleik med fyrste blikk når alle har auga klistra inn i iPhoneskjermar rundt ein?


Begge monologane til Regine Folkman Rossnes er utvikla ved UNG TEKST, Unge Viken Teaters satsing på unge dramatikarar. Raudt lys er publisert i antologien UNG TEKST 2020, og Kjeks og singelliv i UNG TEKST 2021.


På scena: Johanne Magnus, Amalie Mikkelsen Vere, Karin Stautland og Kristine Brusdal.