Skeive Sceneskifter vol.4

Fredag 18. november

20.00 - 22.00

Skifte (Tidligere Logen bar)




Denne fjerde utgåva av Sceneskifter har samla opp dei tekstane me fekk inn som var skrive frå eit skeivt perspektiv. kl. 20 denne fredagskvelden får du høyre: «Kvinna ho elskar» av Ole Henrik Risøy Solheim som blir lese av Malene Stadaas og Vilde Vengnes. «Neste gong eg ser deg» av Frode Gjerløw blir lese av Svein Harry Schöttker-Hauge, Ole Henrik Risøy Solheim


Sceneskifter vol. 4 er lesningar av to tekstar under arbeid. Hausten 2022 oppmoda DVT og Proscen kven som helst til å senda oss nynorske scenetekstar. Me fekk inn 17 tekstar frå 11 personar. Nokre lange, andre korte, nokre ferdige, andre påbyrja. Nokre hadde skrive scenetekstar før, andre gjorde dette for fyrste gong. Denne fjerde utgåva av Sceneskifter har samla opp dei tekstane me fekk inn som var skrive frå eit skeivt perspektiv. Då høver det godt å syna dei i samband med vår markering av Skeivt kulturår.

Saman med ei lita gruppe skodespelarar har me jobba med tekstane for å forme ei iscenesett lesning av desse. Dei to tekstane me syner no i fyrste omgang er framleis under arbeid. Me har hatt eit par prøvar på kvar tekst og jobba kollektivt for å finne inngongar som kan reise teksten i scenesamanheng. Etter visninga vert det prat på scenekanten med Frode Gjerløw og Ole Henrik Risøy Solheim og skodespelarane der me spør, korleis ligg det an med skeive scenetekstar no? Og korleis er eigentleg ståa for mangfaldet i norsk scenetekst? Teatervitar og kritiker Sander Jensen Schipper leier samtalen.

“Kvinna ho elskar” av Ole Henrik Risøy Solheim er ein tekst om kor mykje ein er villig å ofre for det ein elskar.

“Neste gong eg ser deg” av Frode Gjerløw er ein tekst om maktstrukturane i eit forhald. På scena i Ole Henrik Risøy Solheim sin tekst “Kvinna ho elskar”: Malene Stadaas, Vilde Vengnes. Teknikk: Maja Sundt Regi: Ole Henrik Risøy Solheim

På scena i Frode Gjerløw sin tekst “Neste gong eg ser deg”: Svein Harry Schöttker-Hauge, Ole Henrik Risøy Solheim Teknikk: Maja Sundt Prøveleiar: Frøydis Århus