UTLYSING FOR HAUSTEN -26. VERKSTADSORDNING PÅ CORNERTEATERET
- 20 hours ago
- 2 min read

Har du eit prosjekt eller ein idé du vil teste ut på Cornerteateret? Proscen lyser ut 3 nye prosjektperiodar på inntil 4 dagar for hausten 2026. Støtte på opptil 16.000,- kr. Periodane du kan søkje om er 14.–17. september, 16.–19. november og 7.–10. desember. Du vel Søylesalen eller Kongesalen ut frå behov. Søkjarar må ha betalt medlemskontingent for inneverande år.
Proscen held fram med å tilby medlemmene våre ei verkstadsordning på Cornerteateret. Scenekunstnarar får moglegheit til å utforske tematikk, idear, arbeidsformer eller samarbeidsmåtar på golvet. Ordninga er ein praktisk tilretteleggjar for uferdige prosjekt, og dannar grunnlag for vidare utvikling av det kunstnariske arbeidet.
Å arbeide saman med ein vegleiar er obligatorisk. Ordninga har fokus på å tilføre prosjektet fleire dimensjonar gjennom nye samarbeid – vegleiar kan difor ikkje vere knytt til kompaniet/kunstnaren frå før.
Kanskje ønskjer du å eksperimentere med noko av tverrfagleg karakter og treng kompetanse frå andre disiplinar? Eller kanskje har du behov for eit anna blikk på prosjektet og vil utvide di allereie veletablerte kunstnarstemme? Rettleiar/fagperson kan til dømes vere ein dramaturg, regissør, dramatikar/forfattar, scenograf, komponist, lys-/lyddesignar, forskar eller liknande.
Det vil ikkje bli kravd noko ferdig produkt, men me oppmodar til å invitere inn publikum til arbeidsvising i opne eller lukka format.
Nye søkjarar til ordninga vil bli prioriterte.
Krav til søknad
Søkjar må vere medlem av Proscen. Ein kan søkje som enkeltperson eller gruppe*.
Søkjar må vere profesjonell utøvar og ha eit nytt kunstnarisk prosjekt eller ein idé som dei vil utforske i scenerommet.
Søkjar skal sjølv kome med innspel til kva type vegleiar/fagperson/mentor dei ønskjer å knyte til prosjektet. Proscen vil vere behjelpeleg med å finne vedkommande dersom det er behov for dette. Ekstern fagperson/mentor må vere til stades minst 2 av dagane.
Økonomi
Proscen støttar kvart opphald med opptil 16.000,- kr. I søknaden må det grunngjevast for bruken av støtta. Minimum honorar til ekstern fagperson/mentor er 6.000,-. Resten av støtta kan til dømes brukast til dekning av reise/opphald for tilreisande, kunstnarhonorar, fleire dagar med vegleiar/fagperson, innleige av teknikar og/eller teknisk utstyr, dokumentasjon, materiale m.m. Leige av lokale er inkludert i residensen og skal IKKJE takast med i budsjettet.
I søknaden skal ein oppgi:
-Kort presentasjon av prosjektet; kunstnarisk idé, kva ein ønskjer å utforske, og korleis utforskinga er tenkt å føregå.
-Kort presentasjon av kunstnar/kompani med vedlagt CV frå søkjar (ikkje alle som er med)
-Ønskt vegleiar/mentor med grunngjeving
-Ønskt rom med grunngjeving
-Ønskt periode (primærønske med eventuelt alternativ)
-Eit budsjett over korleis støtta skal disponerast
-1–2 bilete til bruk på nettsidene våre for promotering av prosjektet. Hugs fotografkreditering
Send søknad på e-post til post@proscen.no
Søknadsfrist 12. juni 2026.
*Dersom søkjar er ein fast konstellasjon/kompani, er det ønskjeleg at gruppa/kompaniet melder seg inn som støttemedlem (organisasjons-/kompanimedlemskap) i Proscen.
Verkstedsordning på Cornerteateret er støtta av Norsk kulturfond og Bergen kommune.





Comments